onsdag 14. oktober 2009

Med vindu mot verden?

I dag har det vore ein nydeleg haustdag. Perfekt for fridagen min!
Så kl 09.00 hadde eg og naboen avtale om å gå opp på denne toppen, som heitter Kvitegga. Frå huset mitt og ned igjen, tar det 2 timar. Og då vi kom på toppen, kom sola. Så vi hadde ein aldeles nydeleg tur!
Hausten er komt til hagen vår og. men eg likar det. Masse fargar, kaldt og klart i lufta. Og så har eg kjøpt med ny Skogstad- boblejakke. Så då kan kulden bare komma!
Eg og mannen har avgjort at vi skal setje inn nye vidu på kjøkkenet. Men mannen påstår at sånt gjer ein ikkje om vinteren...HÆ? sa eg, kan vi ikkje gjera då korti vi vil? Joda, forklarte han, men da blir litt kaldt når ein skal opne opp ut og sånt.Åja, tar den... Men etter jul starte vi opp, ein gong! Vi skal sette inn to like vindu, istaden for dei "ubrukelege" vi har i dag. Og her detta bildet nerforbi har hengt, skal det komme inn masse lys gjennom nytt vindu.

I mellomtida, har eg laga mitt eige "vindu"! Eg mala ramma til "vinflaskebildet" og tok netting bak, og skal bruke det til å henge opp forskjellige ting. No er det takkekort, og eit nydeleg hjerta eg fekk hos Ida, etter å ha støtta hjerteaksjonen hennas. Men her vil innhaldet endre seg etter humør (eller behov..)
Og tusen takk til alle som er innom, og kommenterer. Eg har passert 1000 besøkande, og er veldig nøgd! Ha ein fin onsdagskveld alle saman!



2 kommentarer:

  1. Fine bilder ;) Mr T.

    SvarSlett
  2. Så fin rammen din blei :-)
    Godt å utsetta ting! Sånn sjer visst heile veien i min heim :-( Men, men -eg maler på rein å sjer S T A H E T Det ska iallefall ikkje stå på meg om ting ikkje blir jort i friveka :-)

    Nyt dagen Solveig!!

    AT :-)

    SvarSlett