onsdag 27. mai 2009

Utdrikkingslag 2

Vel, vel, så var det over og..... Lørdag vart eg, brura, drukken ut!
Det har teke nokon dagar før eg har klart å skrive noko om det.... det har hengt bra i, ja.

Eg vart virkeli tatt på senga. Eg hadde faktisk ingen aning om at da va denna helgo ( trudde da va neste lørdag, eg...) Eg var i full gang med å baka kaka til Hilde ( som liksom skulle feira bursdagen sin ) og var kledd til tur til Aterstad. Så ringe Evelyn, forlovaren min, sånn ca kl 9,45. Då skjønte eg da. Høyrte sprudlande jenter i bakgrunnen, og fekk beskjed om å sjå ut. Joda, der kom 16 jenter i tog, med flagg og gode smil. JAMMEN KLARTE DI Å LURA MEG!

Og da som var aller kjekkast, var at Therese hadde teke turen frå Trondheim for å vera med. Da gjorde meg veldi gla!

Så var da bare å henga med: Aerobic i tunet ( sjølvsagt med aerobic kle...) tur med militærbil, Putball, sprudlevatn og jordbær, lunsj i drivhuset (bokstavelig talt), fanfare og drillpiker, båttur og sist men ikkje minst, KJENDISPARTY på Kalven.

Ein veldi kjekk dag med masse gode veninner. Tusen takk, jenter. Detta e gode minner å ha med seg!

Ps. Dersom Anne Tone sender meg nokon anstendige bilder, kan eg legga dei ut på bloggen...