lørdag 13. februar 2010

Fin lørdag!

Eg vil anbefala alle å gå innom Fredheim Blomster og kjøpa seg ein hortensia i dag. Dei er på tilbud denne helga, og dei er veldig haldbare blomar!! Og veldi fine. Og ein super morsdagsblom til ei mor eller bestemor!!

ha ein fin lørdag! ( her sove mannen, trur da blei ein skikkeli luftetur i går...)

fredag 12. februar 2010

Helg!!

Denne skjælauga elefanten fann eg inne på kottet bak jenterommet mitt heime... Den vann eg på eit tivoli i Tyskland for ca 25-26 år sidan. Den var eg veldi gla i og den vart nokså "utsleten" kan du sei. Som du kan sjå, manglar den pupillar i augo!
Eg hugsar mange episodar med denne bamsen, og eg smiler med tanken. Da e rart korleis sånne gode minner strøymer på bare av synet av slike gamle skattar!

Med dette vil eg ynskje dåke ein fin fredag. Eg skal ligge på sofaen med chips og sjokolade, og sjå på tv. Eg har sagt at mannen kan gå ut og "lufta" seg litt i kveld viss han vil!

torsdag 11. februar 2010

Opne kjøkkenhyller??

"Ein ser ikkje rotet for bare rot" Eg har av og til ein tendens te å sjå meg litt blind på ting. Da vil sei at eg kan ha dei same tinga ståande på same plass i årasvis, utan å sjå at det kunne vore annleis...Sånn e da på kjøkkenet mitt...

Eg har sett på nokre bloggar at opne hyller på kjøkkenet er ein stad det ofte blir rot. Hm tenkte eg, e da noke og?

Vel sjå på hyllo eg har på kjøkkenet då!!!!!!!!

Så eg rydda litt i går, kan du sei. Mannen sa at da va greitt, bare han fann tinga att, og at han ikkje trong flytta på alt muli før han fann da han trengte...E da sånn i dåkas skap? Litt sånn her. Men at ein må ta ut kakefato, for å ta fram blomavasane, gjere ingenting, for eg må gjera da sjølv likavel. Trur ikkje nett da e ei problemstilling for mannnen...

Men da ser jo litt betre ut detta, må innrømma da!

onsdag 10. februar 2010

Fin lita jente!


Denne vakre vesle jenta, er mammo te ei lita jente som er ganske lik!! Alltså, detta e bilde av meg som lita. Og for dei som kjenner jento mi, ser kanskje at ho liknar på mammo si??
Eg har teke bilde av bilde, så heilt klart vart da ikkje, men men.

I dag har eg fri. Eg har vaska "huset" i dag, og skifta på sengene til ungane. Trur der er ei lita sabeltann jente som blir veldi gla når ho skal legga seg idag!!
No skal eg setta meg ned med kaffikoppen og nytt blad som kom i posten nettopp! Trudde Kamille skulle koma i dag, men så kom Rom 1-2-3 istaden. Ikkje noko dårleg erstatning da!
Har vore ute og gått lang tur i sola med naboen. Da e veldi flott ute no, og eg e gla eg har nytt dagen litt ute! Snart e da pannekakelaging, henting i barnehage og så trim for 5 åringen ho blir nok med ho på 2 år og, men da e egentli bare for 3-5 år....jaja, sidan eg er ledar så ser vi gjennom fingrane med da!!

Ha ein fin dag alle saman!