lørdag 12. juni 2010

Langhelg!

Vi er på langhelg i Volda, saman med heile familien til mannen! Svigerfar er 70 år, og det må jo feirast! I dag har vi vore i Volda sentrum og vore på kafe. Og det er ingenting som heitter sunt liv då!! Sjekk den kako då!!

Eg og mannen skulle egentli dele den, men eg trur eg åt mestedelen....

Det regnar, og det er dumt. Men vi kosar oss likevel. Så håpar vi at det ikkje blir like mykje spying på heimevegen og.....for ho spydde 4 gonger og han spydde 1 gong....oj oj oj, godt det er vaskemaskin og butikkar på vegen!!! For alle kleskifta vart brukt på ein gong!

onsdag 9. juni 2010

Pizzahorn!


I dag har det vore fridag! Men eg er ganske effektiv på fridagane mine, og einaste tida eg sit nedpå, er når eg er på pc-en...

Så i dag, før eg leverte tullemor, sette eg ein deig ( Sjølvsagt!!). Etter at ho var trygt plassert i barnehagen, gjekk eg og Madonna ein tur til Aterstad, så grusen røyk bak meg (he he). Vel heime, baka eg pizzahorn og skinke/ost horn. Og som de kan sjå på husbonden, smaka dei fortreffeleg. Han, meg og junior åt eit heilt brett til lunsj!!!!!!!!!!! ( Oppskrift?? Brukte bare vanleg bolle-deig med pizza eller spagetti saus inni!!)