lørdag 26. juni 2010

Keep Calm


For ei stund sidan bestilte eg meg plakatar med "Keep Calm and carry on". Eg har lenge hatt lyst på, men ikkje klart å bestemme meg for kva farge eg skulle ha. 

Sidan eg er inne i ein litt rosa periode, måtte eg ha den. Men sidan eg har ein del ting i turkis, klarte eg ikkje la vere å kjøpe den og...Rammer fann eg på Europris!!

Så då blir det nok eitt i stova og eit på soverommet. For dette er eit "slagord" eg bør minnast på ofte!





Litt forsinka jonsok innlegg

Bålet i Omvikdalen!

Denne kvelden fekk ungane vere oppe nesten så lenge dei ville. det vil sei at dei la seg kl 21!!

Flott arrangement, med masse kjekke folk!

Det var varmt og fint. Ungane bada, leita etter krabbar og var med på stafett!



Og nokon fann ut at kjeglene til stafetten, kunne brukast til hatt!

tirsdag 22. juni 2010

Sånn kan da gå...

...når tullemor får kosa seg aleina inne på storebroren sitt rom, med døra igjen...
og ei krukke med A-krem...

søndag 20. juni 2010

Tusen takk...

kjære Terje, for detta året eg har fått vore gift med deg! Eg hugsar dagen som den var i går, kvar einaste detalj. Dagen var fantastisk. Nett som eg hadde drøymt om. Og det beste av alt, var at eg fekk bli kåno di! Tusen takk! Og gratulere med bryllaupsdagen vår!