lørdag 27. november 2010

Arne og Carlos

 Årets julehit, spør du meg!! Dei er bare råstilige.
 Strikka julekuler
 Og tanto te Bente på Bokhandlaren har strikka nokon for salg der.    

Og sidan eg har lova mannen at eg ikkje skal kjøpe julepynt i år, så er desse til gåver....trur eg.
Men til neste år skal eg strikke slike. For det som er så bra, er jo at eg kan velge farge sjølv.

Og då skal Rodihob få svart med sølv og!!

fredag 26. november 2010

Jul i Rosendal

Vil du kjenne på den gamle-gode julefølelsen?? Ta turen til Rosendal denne helga.

Her kan du sjå stjerneutstilling som born i Rosendal og Omvikdalen har laga (junior har iallefall laga, og vi skal inn og sjå i dag!). Vil vite kjem med Planatarium sånn at du kan sjå den verkelege stjernehimmelen.

Du kan eta graut, kaker, handla heimalaga produkt i alt frå pølse til heimaspøta vottar, og kle til dokko! Du kan melde deg på kurs i å lage dørkrans til jul, mjølkekakekurs, ungane kan lage fuglekasse eller anna julepynt på juleverkstad!!

Og eg vil spesielt oppfordra dykk til å handle inn litt heimalaga julekaker eller marsipan figurar hos super-veninna mi: Reidunn Seim Steffensen!!!! Så treng du ikkje bake alle 7 sortane sjølv i år!

Vil du lese meir, kan du gå inn her

torsdag 25. november 2010

Inspirasjon

 Eg abonnerer på den flotte juleboka som Bo Bedre kjem ut med kvart år. Dette er andre året eg får den. Håpar den fyrste eg fekk dukkar opp innimellom julapynten i år...
 Ein fin reportasje med ting ein kunne lage sjøl. Og kva passa vel betre enn at det var med mønsterark der det bare var å klyppe ut og lime saman sjølv?!?
 Så eg sette i gang, innimellom hostekulene. Og det blei riktig så fint.


Denne tavla laga eg sjølv for eit år tid sidan. Då eg berre hadde firkanta "hønsenetting" tilgjengeleg, så vart det den. Skulle gjerne hatt rund, då den er meir dekorativ. Men uansett....eg har no hengt den i stova, og skal ha ulik julepynt på den no frametter.

Eg er litt betre i formen no. Men i går fekk eg blemmer i munnen, og det gjorde ikkje saken betre. Håpar no at formen er på bedringens vei, for i morgon startar "Jul i Rosendal" som du kan lese om her. Og eg skal eigentleg på julebord med jobben...

tirsdag 23. november 2010

Amaryllis

 Amaryllisen er kommen i hus! Og sidan eg er så heldig å ha ein gartner-pappa, så kan eg få så mange eg vil!!! Og har difor to raude og ein kvit i hus.
Reknar med at desse blømer innan 1-2 veker, så eg skal snart setje nokon til på "driving" slik at eg har til jul og!

Eg er heilt slått ut med influensa. har hangla i 4 veker no, og hosta stygt. Nå skal eg halde med i ro til eg er frisk, sånn ca til fredag, for då skal eg på julebord med jobben!

Tullemor er og sjuk. Ho slo tanna si for nokre veker sidan. No har ho fått betennelse i den, og må trekke den. Har byrja på pencilinkur no! Mannen var til lege med ho i går, då ho lenge har klaga over vondt. Legen såg knapt på ho, sa at ho såg ikkje sjuk ut og sendte dei heim. Spørsmålet om å ta CRP, vart avfeid med at "det kunne jo vere kva som helst". Mannen var rimeleg irritert på den kvinnelege legen....og vi bestilte time hjå tannlege. Ho kunne i dag bekrefte at det var betennelse, og at legen så absolutt skulle ha oppdaga det i går...

Eg har sjølvsagt ringt inn til helsesenteret og gitt beskjed.

Så no ligg vi på kvar vår sofa og skal bli friske!

mandag 22. november 2010

Premie!!

Eg likar å vinne. Nei, eg elsker å vinne. Stort sett alle gåver og premiar vert eg veldi glad for. Eg er rett og slett glad i gåver, i alle variantar. Eg trur og eg er lett å gi noko til. For eg blir stort sett glad for alt!

Sist veke vann eg premien på jobben! Då vann eg denne flotte premien. Lilla såpe og klut! Passar perfekt til badet mitt! (fordi eg har kjøpt lilla matte til golvet!)

Og jammen meg, så vann eg 215 kr i lotto på lørdag. Eg er heldig alltså!

søndag 21. november 2010

Bakedag

 I dag har vi baka kakemenn. Eg likar best sånne deigar som ikkje treng stå over natta ( rett og slett fordi eg gløymer det ut :-D) Så etter frukost i halv ni tida, var vi igang med deigen!
 Dette er ein aktivitet som slår an her i huset. Alle er med!
 Og junior blei faktisk lei seg fordi det var tomt for deig! Sånt likar eg. Men det er vel viktig å ikkje overdriva. Så ein deig for ca 4 brett i ovnen, trur eg er passeleg.
 Ja, treng eg sei meir?
Og her er siste nytt frå tomta: han far har gått laus med motorsag og saga ned alle trea. Så no har vi ved dei neste åra og! Han har og brent opp alt riset, så no er den klar! Teikningane er inne, klare til å søka på. Kjenne eg vil komma i gang no. Eg gler meg til nytt hus!!