mandag 27. desember 2010

Skitur

 I dag har eg og gamle naboen vore på skitur til Myrdal. Vakkert.
 Ei super tur-veninne.
 Minus 19 grader, og flott utsikt til Gygrastol som bada i vintersola.
Det var ikkje temperatur for å stoppe noko særleg opp på denne turen. Vi hadde frost i augenvipper og måtte til tide puste med buff framfor ansiktet.

Ein flott tur, og følelsen etter at eg har teke ein dusj og tøyd ut litt ømme musklar det er ei stund sidan eg har brukt....kan ikkje beskrivast- den må kjennast!

I måro er det jobb, før venne-samling med god mat om kvelden. Gler meg.

søndag 26. desember 2010

Sjå kva eg fekk!!

 Boka "Rosendal gjennom 4 årstider", er ei svært gjennomført bok. For meg er den eit must å ha, frå den vakraste bygdo eg veit om.  Den fekk eg av mamma og pappa, i tillegg til jakke og vottar!!
 Dette smykket vart eg mest glad for av alt. Det fekk eg av gullo mine. Eg leste om det i dette innlegget hos Den gode feen, og gav mannen eit tips.... og då eg skulle åpne pakken på julafta, sa tullemor: " no kan du åpna smykket ditt, mamma!"

 Denne boksen har eg tenkt å ha på badet, med smykker og øyradobbar i, etter tips frå mannen!

Og til slutt eit bilde av alle dei flotte julakorto vi har fått i år. Fekk ikkje plass til alle i opphenget eingong. Nokre vin har vi fått, og fleire supre gåver. Særleg sette eg pris på eit krus med bilde på!!

I dag har vi vore på middag hos mine foreldre. Etterpå var mannen på skitur, og vi var ute og aka, sparka og testa slalåmski! No er vi raude i kinna, og kosar oss med film og puslespel. Vi sullar visst rundt i ullundertøyet enda......