lørdag 29. januar 2011

Litt innslag av; ROSA


 Eg er glad i ROSA. Og etter at eg hadde handla noko godis på Stemning i dag, tenkte eg at eit innlegg om rosa var på sin plass. Sidan det framleis er ganske grått ute, og rosa kanskje høyrer meir vår og sommar til for min del, så har eg haldt litt igjen. Men før eg har ete alt opp, så måtte eg forevige det!




 Tullemor er rosa i dag, og ho fekk dette flotte Mossi Sussi fleece teppet då ho vart fødd. Ho bruker det omlag kvar dag. Heldige ho!
I går kveld sydde eg to sofaputer i rein rosa. Det er eit gamalt laken som har komme til nytta. Og den rette rosafargen!

Eg reiste til Rosendal for å gjere nokre innkjøp i dag. Pakka ungar og meg sjølv i bilen, og byrja handle. Men kor var lommeboka?? Den låg heime på kjøkkenet...Heldigvis bur vi på ein liten plass, der dei fleste kjenner meg. Eg fekk difor lov å skive på bokhandlaren ( Tusen takk!) og mamma lånte meg så eg fekk kjøpt det mest nødvendige; is og avis, stearinlys og rosa godis....!

Til mi store fortviling (!) og lettelse (!) vart det ikkje kjøpt noko anna på Stemning! Eg skal jo ikkje kjøpe noko no...

I dag skal junior på overnatting hos nabo-kompisen, eg og tullemor skal på besøk i Rosendal!! Gler oss alle!

fredag 28. januar 2011

Ny favoritt: Cath Kidson


Eg har lese om Cath Kidson  hos Emmeline fleire gonger, og sett at dei har mykje fint, men etter at eg var inne der i dag, vart eg forelska....

Alle bilda er "lånt" frå nettsida deira.

Ny duk kanskje?

Eller ei skål til smågodt?


Frukost ein solrik morgon på terassen i nya huset?


Og eg bør jo ha ein slik i veska, sånn at dåke kan låna handkrem hos meg??

Ja, eg sat og leika meg litt med ei bestilling her inne. Det var ikkje dyrt heller...for no har dei salg og...

men eg sletta bestillinga. For eg spare jo(!) eller eg kjøper iallefall ikkje så mykje no før huset nærmar seg. 

onsdag 26. januar 2011

Sykafè

I går kveld var vi 5 damer som møttes i Raudaløo og hadde sykafè. 
Mamma skulle sitje barnevakt her, men tilbydde seg å ha begge dei håpefulle på overnatting. Eg kunne då sy så lenge eg ville, og bare tenka på meg sjølv. ( Tusen takk, mamma!)

Og resultatet vart desse to flotte putene!

 Inspirasjonen til desse putene har eg fått av Mariann med bloggen Marihøno. Ho har lært meg "prinsippet" bak denne typen puter, og det er noko med det du kan...då vert det plutseleg ikkje så vanskeleg lenger.

Rosestoffet er kjøpt på Stoff og Stil, linstoffet er restar frå Julasokkane eg laga til ungane, blondene frå Sundal´n, "silkebånd" er gjenbruk, og baksida er frå eit gamalt overlaken, som mamma hadde liggande! Så her er det gjenbruk og nytt om kvarandre!
På baksida tok eg med ein liten detalj, som desverre ikkje viste så godt på bildet. Det er brodert inn initialene til den som skulle ha, eller som hadde sydd dette overlakenet. Sånne detaljar er kjekt å ha med!
 Sånn ser det ut når vi held på!

søndag 23. januar 2011

Steinparken januar 2011

 Sidan mannen måtte reisa igjen i dag, måtte vi gjera noko for å få dagen til å gå. Eg har eit prinsipp, om at vi SKAL ut og gå tur/ leike etc kvar dag. Vi blir alle litt "rare" viss vi bare sitte inne heile dagen...

I dag hadde eg planlagt at vi skulle til Steinparken i Rosendal. Dette er eit supert turområde, som vi bare skulle brukt enda meir.
 No var det mykje is der, både i vegen og i elvane/bekkane. Det var difor ikkje mogeleg å leike med trebåtane i bekkane i dag. Junior synst da va heilt greitt, for då kunne han skli i stadenfor.


 Kan gråstein og mose vere vakkert?

Eg synst da. Dette bildet tok eg bare av ein heilt tilfeldig stein, og eg synst da blei flott.

(Bilda i dag er tekne med Olympus kompaktkameraet mitt. Får da ikkje heilt te med speilrefleksen for tida...)



 Vinter, skodda og den vakra Rosendals-bygdo!!



Blå himmel over Skålafjell ( eller Mount Skålafjell, som Malena ville kalla da ;-)  )

Viss dåke vil sjå meir av Rosendal, vil eg anbefala dåke ein kikk innom til Malena sin blogg. Mange flotte bilder. Klikk her for å sjå!