torsdag 16. juni 2011

Då var vi klare!


No har eg pakka bikini, sandalar og solkrem. For i måro tidleg reiser vi til Mallorca!


14 deilige dagar skal vi nyta livet, eta god mat, bada og lesa "Gjenferd" på strando. Eg e klar, og det er dei tre andre og. 
 Sidan mannen skal ha med seg pc, kan det fort komme eit lite innlegg på turen.

God sommar alle lesarane mine, og velkommen til nye følgarar!!

søndag 12. juni 2011

Flott feiring av ein flott 60 åring


Mi kjære mamma fyller 60 år i dag!

Ho inviterte lika godt heile familien med til Solstrand Hotell frå laurdag til søndag. Vi har bada, ete og drukke godt, og kosa oss mykje!


Junior framførte eigenkomponert bursdagssong.


Pynta til fest.


Eg hadde ny kjole for anledningen, og med sjampis i glaset...er det rart eg smile?



Det var fri tilgong på is. Junior åt 7 stykk.


Alle holdt ut til seine kvelden. Tullemor måtte ha litt sjokolade for å halda energinivået oppe.

No gjere vi oss klar for kakeselskap for jubilanten.