fredag 23. september 2011

Innflyttingspresang


Sidan eg måtte vere heime med ein sjuk junior, kunne eg jo utnytte tida litt! 

Tørka støv av symaskina og sette i gang. Eg fekk to dynetrekk av mamma i sommar, som eg hugsar frå eigen barndom. 

Eg har lova Fru Falk at dei skal få puter av meg i innflyttingspresang. Ho utrykte at ho kunne tenke seg nokon i sterke fargar, gjerne litt retro...ja, då hadde eg dei klare i hovudet!


Eg synst dei blei dritkule, rett og slett.


Denne helga skal eg på interiørmesse i Bergen, Eg har fått med meg to veninner, så det blir ein skikkeleg jentetur med jenter, latter og sang...eller noko deromkring. Gler meg.

torsdag 22. september 2011

Så fort kan da snu


Frå kul "rocke-gut" om morgonen


til febersjuk gut om kvelden. Ja, så fort kan da snu.

I måro må mammo vera heima. Trur vi skal ein tur til doktoren, fryktar ein halsbetennelse.
Mammahjarta har det vondt.

Så får nye utfordringar vente til over helga. 


søndag 18. september 2011

Vinnarlukke og søndagskos


Etter ein fantastisk deilig tur til Kvitegga, og ein lang dusj, sette eg meg ned med VG som vert "levert" på døra. Kakao med marshmallows har eg fortjent no.

Då eg slo på Pc-en oppdaga eg at eg har vunne eit års abonnement på Vakre Hjem og Interiør på bloggen  "Anetteshus".


No skal eg setje MP3 på høgt volum og ta til med litt husarbeid. Mann og barn er på fotballcup, og eg har nokre timar for meg sjølv!!