tirsdag 1. november 2011

Ugla mi


Er i mitt kreative hjørne for tida, og i kveld produserte eg ugla eg har planlagt så lenge!


Med stoff eg vann hos marihøno for ei tid tilbake, blei den riktig så flott!


Mulig pupillane skulle vore i eit anna stoff, men det får bli neste gang. No bare nyte eg den flotta ugla mi.


Ser på Greys mens eg blogge, for eg må jo legge den ut så fort eg kan.

Bakstykket på puta er eit sengesett frå Høie som eg nett har pakka vekk, begynte rett og slett å bli litt falma enkelte plassar, og så såg eg nytte av den ein anna stad!

Men eg var tom for dun fyllputer, og tok inni ei sånn syntetisk. Ikkje brrraaaa....


Ha ein fin kveld vidare, alle dåke flotte lesarane mine.

mandag 31. oktober 2011

Krans av lerk


Krans av lerk blei da ikkje. Enkelte prosjekt ser så mykje bedre ut inni hovudet mitt, enn i verkelegheita. 

Men eg fann masse fin lerk, som no ligg til tørk.


Ganske dekorativ, på ein ganske enkel måte.


I går regna da trollkjerringar då vi var på tur, men i dag var det 13,5 grader og nydeleg. Eg spurta opp lia etter middag, og rakk såvidt nedatt før det vart mørkt kl 18. Da e kjedli for meg som likar å trimme på noko anna enn asfalt.

Måndag, ny veke, nye muligheter. Og som vi alle veit: " det ordne seg alltid for snille jenter!"

søndag 30. oktober 2011

Halloween


Halloween meg her, og halloween meg der. Vi feire ikkje Halloween hos oss. Men på barnetv i dag, var det mykje snakk om dette. Og ungane lurte sjølvsagt på om ikkje vi skulle gå rundt og be om knask...Endo ein unnskyldning til å få eta godteri på ein måndag...


Dette er det nærmaste vi kjem denne anledningen her hos oss. Junior lurte på om vi kunne skjere ut auge og munn på denne, men det kan vi nok ikkje. Pyntegresskar kan vi bruke heile hausten, og ikkje berre til Halloween, heldigvis. 


Siste kreative prosjekt frå denne kanten, er "strikkagensar" til gamle glas. Slike ser eg mange stader i interiørblada, og tenkte ganske tidleg at det lagar eg sjølv. Eg har brukt Vamse-garn, då eg ville ha det litt "tjukt". Så er det bare å variere på mønster og størrelse alt etter kor stort glaset er. 

I dag er det søndag, det regnar og vi har stilt klokko! Her i huset vil det sei at tullemor vekka junior kl 6 ny tid...hallo, ho pleie jo aldri å vekka han...koffor i dag???

Men ut på tur aldri sur...vi skal ut og finna lerkegreiner, for eg skal laga krans!!