lørdag 3. desember 2011

3. desember


"Jul i Rosendal" er eit flott arrangement, som flittige eldsjeler har fått i gang. I år er tredje året det vert gjennomført.

Kvart år utfordre dei skular og barnehagar til å lage ; i år hjerter i ulike fasongar. I fjor var det stjerner og året før englar.

Dette er tullemor sitt bidrag!


Flotta jento mi!

Vi fann ikkje junior sin klasse sitt bidrag....det vart han sjølvsagt veldi skuffa over. 

Ellers åt vi graut, lappar, sunde-pølsa, drakk kaffi, kjøpte stjerner, brente mandlar, tørka epler...you name it! Mykje fint for alle. Og for dei som ikkje har vore der enda; det er åpent i måro frå 12-16 .

fredag 2. desember 2011

2. desember


Kort frå House Doctor fekk eg då eg handla på Interiør og Boligmessen i Bergen. Dei er svært dekorative.  


Juledekorative i seg sjølv, men måtte "pimpa" dei opp med Mt tapen eg kjøpte hos Konfetti shop, som du kan gå inn på og sjå utvalge i tape. 


I kveld har eg vore på konsert med Helene Bøksle i Kvinnherad Kyrkje. "O helga natt" blir aldri det samme etter denne! Fantastisk flott.

torsdag 1. desember 2011

1. desember


Endeleg er "ventetida" i gang. Og eg elskar jul!

No er det fram med det raude ( ja, eg hoppar over den lilla adventstida...) og eg kan ikkje få nok av juledill.


Og oppi alt, så har super-kusine vore på Ikea og kjøpt nye trekk til Ektorpàne mine, til HALV PRIS!!!

Sjå kor fin ulven min blei i "nye" sofaen.


Raudt kom og veldi godt fram, rett og slett eit scoop!


Favoritt julablomen; julestjerne. Produsert av sjølvaste pappen min. Til info lagar han og bror min 40 000 av dei i år. Kanskje er det ei av dei du kjøper i Bergen, Førde eller andre stadar i Hordaland og Sogn og Fjordane faktisk!

mandag 28. november 2011

Gangfelt


Sjå til høgre, så til venstre, så til høgre igjen...før du går øve!

Eg e hekta på striper i svart og kvitt for tida. 

Siste innkjøp, etter Omaggioèn, er ei Pappelina matte i svart og kvit. Eg e svært nøgd.

I måro skal eg over fjorden med båt...håpar Berit fere fint med meg!

søndag 27. november 2011

Advent


Årets adventsake. 

(Eg fnise litt når eg ser at talo er litt skeive. Ja, ja, kva gjer vel det?!)


I går var eg på revy på hotellet med desse flotte karane her 3G menn

Eg lo mykje og kosa meg glugg!

Dagen i dag er sånn ok.



Ny stjerne i vindauga, kjøpt på Ikea av super kusine i Bergen. Gu kor glad eg e for å ha ho, som tar turen innom Ikea for ei som ikkje er i dei traktene så ofte.!

No er det nissefest med graut og juleverkstad som står for tur!