lørdag 17. desember 2011

17. desember


Snø, snø, snø, snøøøøøøøøø


Tullemor er ute på ski.


Mon tru om ho dett med vilja?

I dag har vore ein litt sløv dag. Vi var i bursdag i går kveld/natt og det resulterte i at dagen i dag er litt redusert. 

Tullemor har kosa seg hos bessen og bestemor, og junior hos onkel Terje. Onkel Terje har bursdag i dag, hipp hurra! Så no skal vi gjere oss klare til bursdagsfest.

Ha ein strålande lørdag.

I kveld skal eg høye og sjå desse karane:




torsdag 15. desember 2011

15. desember

Ny veka, nye muligheter hos Hviit.no.

Her er mi ynskjeliste denne veka. 


onsdag 14. desember 2011

14. desember


Julabrød stod på "todo" lista etter jobb i dag. Mens deigen heva, ja då laga mannen og junior japp-ruter. Eg og tullemor laga risbollar. 

Og jammen fekk eg ikkje laga Mozart kuler mens ungane såg "Jul i Blåfjell". Alt kjem på bloggen, bare vent og sjå!


Julabrødet skal serverast på julefesten på skulen i morgon.

Mi oppskrift er:

Smelt 250 gram smør. Bland i 200 gram sukker og 6 dl mjølk. La det vere ca 38 grader. Bland det med 1 kg mjøl og 75 gram gjær.

hev til dobbel størrelse. 

del i 2, kna inn rosiner. 

lag snitt med kniv, for at det ikkje skal sprikke.

hev i 30 min til.

steik på 175 grader i 45 min på nederste rille.

NYYYT!!

tirsdag 13. desember 2011

13. desember


Eg bruker gamle bilder, for å gjengje oppskrifta på Japp-rutene mange har etterspurt!

2 store japp
100 gram margarin
puffa ris
2 store Melkesjokolade

Smelt japp og margarin. Bland inn passeli med puffaris. Fordel det ut over ei langpanne med bakepapir. La dette stivne litt. Smelt melkesjokoladen og smør den utover. Set det i kjøleskapet til det har stivna. Så kan du dele opp i passelige ruter. Nyt!!




Eg planlegge å laga noko anna i år, sidan alle andre lager Japp-ruter, og eg fekk eit glas med dette i førjulsgåve i går...nam nam. Men kva skal eg lage??

mandag 12. desember 2011

12. desember


I dag slår eg eit slag for den nye lyse Tomte Gløggen!

Vi er veldig glad i gløgg i denne familien. Junior fekk smaken på da i fjor, og i år jobber vi med tullemor. 

I dag prøvde vi ut den nye lyse, der vi blanda ein del gløgg, ein del eplejuice og ein del vatn. Nammis rett og slett! Kan anbefalast!

Har hatt koseleg ettermiddagsbesøk. Fekk godkjent kokosbollane og blei peila inn på nye tankar om golvbelegg. Ja, ja, nye vurderingar og avgjersle skal takast innan onsdag. 

Og i dag kom telefonen....


Brasil på søndag. Heim 2. januar.


søndag 11. desember 2011

11. desember


Mi ynskjeliste:



 

Ny ynskje liste hos Hviit.no 

Legg inn di ynskje liste, så kan du vere heldig!! Klikk her på bloggen deira.