lørdag 5. mai 2012

Oppfordring


Med bildet eg har "lånt" frå bloggen til Rosendal Turisthotell, vil eg oppfordre alle som kan og har inspirasjon til det:

Delta på NIB sin utfordring denne månaden:
" Nytt møter gamalt"

Fantastiske premiar venter på 3 heldige vinnarar!

Hiv deg med på den....vinne du, kjeme du til å få ei oppleving for livet!

Klikk her for å sjå dei flotte premiane.

onsdag 2. mai 2012

DIY med spray


Så enkelt at til og med DU får til dette.

Ta eit syltetøy-glas, ei brusflaske etc. Vask og tørk det, kjøp spraymaling og spray på.
Enkelt, og så blir det så bra, i nett den fargen du vil ha det.


Råsa-fargen vart veldig fin. Eg går og lure litt på kva anna som kan få den fargen og... hmmm


Sola skin for andre dag på rad.
Eg blei solbrent i går, ja, da blei eg.
Ungane bada for fyrste gong i år, dei er galne.
Fridag i dag, deilig.

Ha ein fin onsdag du og!

søndag 29. april 2012

Vin blei fin


Sjølv om opphavet kanskje ikkje likar beskrivelsen, så vaks eg opp med ein slik som dette på "badet".
Vel å merke ikkje på badet vi brukte dagleg, men gjestebadet etc.
Og eg trur ikkje eg er langt vekke, om mange i min generasjon har opplevd det samme.
Resultatet av det som vart laga, veit eg ikkje mykje om, men kanskje veninnene mine gjer??


Uansett, så har eg vore i garasjen og funne denne fram att. 
Ballongen vart vaska, og "gitteret" pussa og spraya på nytt.


No har den fått nytt liv i stova mi.
Med trollhassel frå hagen til mamma, blei det nett som eg ønska.

Perfekt fotolys i dag gitt, med strålande sol frå skyfri himmel. Litt kald vind, men det oversåg vi.
Junior og meg var på trimtur i formiddag, utruleg kjekt å gjere slike aktivitetar saman med han.

No er vi "klare" for 2 veker aleine, sidan pappen er reist på jobb...

ha ei fin veke alle saman!