onsdag 30. mai 2012

Vi "chiller`n"


Far i huset er veldig glad i sterk mat, og vil gjerne bruke chilli i det meste.
Eg er ikkje like glad i det, så maten vert ofte todelt.
Junior har sådd chilli planter til pappen sin.
Dvs at det er mammo som må ta seg av dei...


Då eg viste han dei fire plantene, spurte han kor eg hadde fått dei frå?
Eg svara at det var dei han sådde, men han trudde nesten ikkje på meg.
Ja, ja, sånn er det vel bare. 
Hugsar så godt den sommaren eg skulle få ein del av åkeren til å så det eg ville...
Trur det var siste sommaren eg fekk det.
Eg sådde jo det eg ville.... bare så synd eg gløymte dei ut etter det....

mandag 28. mai 2012

Vår eller sommar?


I går var det definitivt sommar, men i dag e da meir vår?!?

Vi har nytt dagane på stranda
på musikkfestival
vi har grilla
ete is
svetta
fått "bus"
nokon har bada
andre blitt solbrente
men sommar var det iallefall.



I dag e da meir....
Vår
Veldig mykje lavare temperatur i dag. Er jo framleis mai, men eg er glad vi har nytt dagane til fulle når sommaren viste oss litt kva vi har i vente (?).


Tusen takk til mammo for flotte liljekonvall.

3 fridagar er over, jobb i gjen i morgon.
Men vips så er det fridag igjen på onsdag...
mai er herleg, 
om det er vår eller sommar!