fredag 15. juni 2012

Litt rosa


Eg likar rosa.
Det viser igjen i interiøret og i kle/tilbehøret mitt.


Lommebok kjøpt på Mango i Paris


Blomane mine er rosa



Og favorittsokkane mine er rosa.

I kveld nyt eg at formen er mykje betre. 
Har vore sjuk i 3 dagar no, 
og kjenne at det skal bli godt å bli frisk igjen.
Influensa i juni er ikkje å anbefala.

Litt vin er vel bare medisin, eller?


torsdag 14. juni 2012

Enda eit stykke igjen


Ja, det er eit stykke igjen før vi er heilt i mål.
Men det skjer no noko....


eller rettare sagt, da skjedde no noko her for ei tid tilbake.


Da ser faktisk værre ut på bilda enn i verkelegheita. 
Har vel noko med at eg har sett meg blind på korleis det eigentleg ser ut.
Men det er no komt takstein på garasjen sidan sist iallefall.



No kryssar vi bare fingrane for at han med gravemaskina kjeme tilbake,
sånn at vi kan komma i gang med planting og såing.
Eller...det blir vel rull-ut-plen tenke eg. 
Må bare, ja, måååå bare få klyppa plenen i år og!!!



tirsdag 12. juni 2012

Overdrivelse?


Er dette å overdrive?



Litt kanskje?


Abonnement på 7 ulike blad.


Er vel på tide å avslutte nokon av dei.
Vakre Hjem og Interiør vann eg i ein konkurranse.
Boligdrøm likte eg så godt før, men no "gjer" den meg ikkje det samme.
Rom 123 likar eg, og det var jo eit sååå godt tilbud damo på telefonen hadde...
BoligPluss skal eg avslutte no, då rekningen nettopp dukka opp. ( betale ikkje fullt for nokon av dei, eg!)
Bo Bedre er eit av dei beste interiørblada, saman med
Studio.
Dei har liksom samme stilen som meg!!
Og Kamille er kosen anna kvar veke!!

Eg veit at fleire er i samme båt, så ship o`hoy!

mandag 11. juni 2012

Fix ferdig


Sommarlukke 


Innflytningspresang som passa perfekt.
Er nokre timar med pussing ( for å få vekk raud sprittusj....), beising og lakking.
Og veeeldig lang tørketid!! *blunkefjæs og sånn lolling*


Detta trommelbordet er ikkje som andre trommelbord,
for detta er verkeleg flott arbeid.
Tusen takk, kjære, eg er veldig glad for det!

Litt stille på bloggen. 
Veldig stille på kommenteringa og.
Blir litt demotivert då, må innrømma da...

Eg set veldig pris på alle som vil følga meg. 
Registrerer at det er ein følgar mindre enn i går. 
Det likar eg ikkje. 
Men håpar de andre vil følge med vidare, 
så skal eg prøve å komme med litt hyppigare innlegg!