lørdag 15. september 2012

Husreglar


Endeleg kom mannen heim, 
så vi kunne få opp den nye
wallstickersen.


Djup konsentrasjon.
Vateren har vore nytta,
må vere på linja....



Desse skal vi leva etter frå no av.
Særleg den siste.

Som nokon har fått med seg, så skal eg ha 
eit års permisjon frå jobben min.
Eg kallar det ein "pause".
Eg vil roa ned kvardagen, då eg opplever at den er veldig hektisk, 
det er alltid eit "jag".
Samstundes som eg har veldig høge krav til meg sjølv
og det rundt meg.
Eg skal ikkje få problem med å få tida til å gå,
då eg skal jobbe i familiebedrifta eg er oppvaksen i,
Fredheim Gartneri.
Håpar eg får meir tid til å sy, bake og ellers det som eg elskar å gjere.
Så får vi sjå kvar som skjer.
Husreglane skal iallefall fylgast.


torsdag 13. september 2012

"Skappel-gensaren"


Mammo mi har strikka ein gensar, men utgangspunkt i den mykje omtala 
"Skappel gensaren"


Min er ikkje så vid og fluffy som den skal vere,
men eg likar den knallgodt.
Varm og lun på kalde haustdagar.

Har byrja å strikke ein sjølv og,
litt meir fluffy den.
Mon tru kva tid den vert ferdig.




søndag 9. september 2012

Popcorn


Det var den eg hadde,
og då blei det den.
Synst det vart kult eg.


Like blomen godt og.

299,- på kampanje i BoGrønt Hagesenter.