lørdag 2. mars 2013

Eitt år er gått...


Sidan dette bildet vart teke,
og vi flytta inn i vårt splitter nye hus!!
Tenk 1 heilt år. Kan nesten ikkje tru at det er så lenge sidan.
Det kjennes som i går.


I mars i fjor fekk eg dilla på knall gult.
Spraya både lysastakar og krakk.
Kult til påske, men så var det ut.


I påsken inviterte vi gode hjelparar på middag.
God mat, god vin og god stemning.


Vår og liljekonvall frå mamma sin hage.
Mon tru om min hage kjem meir på stell dette året??


Det byrja å fyllast opp med møblar litt etter litt.

I juni kom vitrineskåpet på plass.




Sommar, sol og jordbær?
Jordbær vart det, men sommar?
Nei, det var det heller lite av...


I juli flytta desse to skjønne nøsta inn saman med oss,
Tiger og Pusur.


Finaste kjøkkenet.
Kvit høyglans, Mano frå Kvik.

Og så lampane då......PH lampe frå Louis Poulsen.


Wiii hii, i lokalavisa.



Ein solrik dag i januar.


Finaste gangen.


Vi har brukt fargen "Letthet" i heile huset.
Golvet er kvitmattlakka Aske parkett.


Etter eitt år ser stova vår sånn ut.
Ikkje mykje er endra sidan vi flytta inn,
men no har eg bestilt to nye sofa og nytt bord.
Det kjem i april, og eg gler meg veldig.


Uglebildet fekk vi i innflyttingsgåve,
og eg blir bare meir og meir glad i det.

Mykje skjer på eit år. 
Då vi var nyinnflytta feira vi tullemor sin 4 års dag,
no er i snart klare for 5 års dagen.

Eg trur vi må feire 1 års jubileumet med ein is.

Hipp hurra.




fredag 1. mars 2013

Eit bollete innlegg


Eg er veldig god på å bake bollar.
Ikkje bare er eg god på å bake dei, 
eg er veldig god på å ete dei og.

Sjå på den då... vatn i munnen.
Åt 4 stykke i går.


Perfekt heving.


Klare for steiking.


Lunkne bollar, med melis på og rulla i kokus.

Nammis


Eit gamalt bilde frå fastelaven og morsdag.

Nybaka bollar med heimalaga jordbærsyltetøy??

Bolleoppskrifta mi:

2 posar tørrgjær
1 ts salt
1,5 dl sukker
1 egg
150 gram smør
6 dl mjølk
Kveitemjøl til passeleg deig.

(Ja, eg veit Evelyn, eg bør ha eit eksakt mål her, men sånn ca 12 dl)

Bland alt det tørre.
I det siste har eg redusert til 1 pose tørrgjær, og heller lar den heve litt lenger.

Smelt smør og bland i mjølka.
La det bli ca 40 grader. 
Tørrgjæren tåler litt varmare enn 37,5.

Bland så væska ilag med det tørre,
helst i kjøkkenmaskin.
La den elte til passeleg deig.

Eit godt råd er å ikkje ha for mykje mjøl i deigen.

Hev i ca 1 time.
Bedre å heve litt for mykje enn for lite.
Eg pleie ta ein plastpose over bollen, då vert det tett og passe temperatur.

Rull så ut bollane.
Hev i 30 min.

Dersom du vil lage skulebollar, så pleier eg ta på vaniljekremen etter "etterhevinga".
Lag eit hull med to skeier, eller fingrane.
Ta ca ei skei vaniljekrem i kvar.

Pensle med egg, då vert dei så blanke og fine.

Steik midt i ovnen på 215 grader, alt etter kva ovn du har.
Eg har ny ovn og måtte skru ned til 200 på slutten.

Steik i ca 10 min.
Ikkje steik dei for lenge,
la dei vere gylne.

Et og nyt!

torsdag 28. februar 2013

Putegalskap


Putomania, putomani, putegalskap,
ja ikkje eit eg heilt kva det er,
men eg er hekta på puter.


Sofaen vert til stadighet fylt opp av.....ja, nettopp puter.

Siste tilkomsten til sofaen, er puta i hjørnet.
Den har eg sydd sjølv.
Rålekker farge.
Har sydd ei for salg og,
og den er solgt! 


Kor mange ganger i løpet av ei veka trur du putene skiftar plass?

Mange!

Som du ser på bilda, så finn eg liksom ikkje "heilt ut" korleis dei ser best ut...


Sånn ja, det vart bra.


Så var det den andre sofaen.

Kor skal eg sitja?
Ja, det spør ungane om av og til.


Puta til høgre fekk vi i innflyttingsgåve, og er frå Louise Roe.
Puta til venstre er frå ByNord og kjøpt på Ølen Møbler på påskeafta i fjor.
Dei stripete er kjøpt på HM Home,
og ekornet på Kremmerhuset.


Likar dyreprinta innimellom.


Åhhh, finaste ByNord puta eg kjøpte i Danmark i sommar.


Kanskje den råsa kan stå der?!


Sidan eg er så glad i puter, har eg og starta å sy puter til andre.
Desse 4 motiva er nokon av dei eg har sydd.
Har du lyst på ei, er det bare å sende meg ein epost!
Eg tar 400 kr for dei, inkl fyllputa frå KID i str 60 x 60 cm.


Og så måtte eg jo ha ei ugla og!
Uglemani og, jada....





Sorry, da blei ikkje plass til dåke....
Så de får ligga på golvet.

Det verste av alt, er at eg trur ikkje siste ordet er sagt i denne saka.....

Har du meldt deg på Give Away`en min??
Sjå øverst på høgre sida!



onsdag 27. februar 2013

Fasett


Fasett mønster er "inn i tiden".

Sancy Tealight

Desse er kjøpt på Bolia.



Utruleg tøft med litt variasjon i mønster og fasongar.



I dag har eg gjort svært lite fornuftig, i følge meg sjølv.
Sydd ei pute på bestilling, trent, støvsugd, drukke kaffi med naboen i sola,
laga pannekaker, vore sjukepleiar, spelt brettspel med tullemor, sett ein heil film, lest to blad
Vel, eg har visst gjort litt likevel...men da føles som lite. 

Håpe sjukdommen snart flyttar ut av heimen, sånn at junior kan nyte litt vinterferie han og!



tirsdag 26. februar 2013

Velkommen til oss


Velkommen til oss kjære Omaggio-bolle.

Du er hjarteleg velkommen!


Finaste bollen/skåla i heile huset, nett no.
Med fargesterke appelsiner frå Cevita,
kjenner eg på VÅRFØLELSEN!


Sola skin, snøen er vekke.
Ser at eg må plante litt snøklokke og krokus løkar til hausten,
det er eit så vakkert vårteikn.


Omaggioén er kjøpt på Ting i Bergen.
Eg fekk gåvekort der til jul, og no byrja det å "brenne i lomma".
Kjekt å handle, utan at det kostar noko!!

Eg og junior var på bytur i går.
Sofa og bord er bestilt -> OH LYKKE!
Bolia er ein fantastisk møbel og interiørbutikk,
som eg ikkje har vore innom før. Når eg kom inn og såg "sofaen min" var det bare: JA.
Samme med stoffet eg hadde valgt ut og bordet eg ønska meg.
Sofa og bord i farge Antracit. Passa perfekt saman.
Ta deg ein tur innom neste gang du er i Bergen eller andre stadar, eller kikk innom her.
Dette var ikkje siste gangen eg var innom der.

Litt meir snop i byposen vart det og, *smileblunkefjes*

Junior vart sjuk medan vi var i Bergen, feber og mykje vondt i kroppen. 
Det vart ein lang tur heim.....stakkar liten.
Koseturen vi hadde gledd oss til, vart ikkje heilt slik.
Vi skal gjere det på nytt.