lørdag 4. mai 2013

Bruktduellen


Her er mitt bidrag til NIB sin mai utfordring i samarbeid med Finn.no:

"Bruktduellen"

Mitt bilde er av ein gamal skjenk eg har overteke.
Den stod bare der, vart ikkje brukt.
Men hos meg har den fått hedersplassen.

Den gule vekkerklokka kjøpte eg på loppis i Raualøo,
hos rede-sign(e). Tog du an?

Eg likar så godt å blande det heilt nye og moderne,
med gamalt.
Handmåla lysastakar frå Wik & Walsø,
ugle frå Bo Grønt Hagesenter,
og lykt frå Perfect Home.

Sjå mange flotte bidrag hjå NIB her.

fredag 3. mai 2013

Krater-bollar


I heile dag har eg drøymt om "krater-bollar".

Som eg har skrive før, så kan eg ikkje få nok av gjærbakst,
( eg er generelt glad i mat, men fersk gjærbakst er favoritten)

og då spesielt fersk gjærbakst.

Så då var det heim etter jobb og setje deig,
som det heitter.

Bollane var klare til kvelds,
PERFEKT.


Du lurer kanskje på korleis du lagar krater-bollar?
Rull ut vanlege bollar,
la dei heve ca 30 min.
Ta ei saks og klypp eit kryss.
Dra dei fire "flippane" til side, sånn


Full oppi ei blanding av smør, sukker og kanel.
Steik som vanleg.



Til slutt you can eat all you want!

eg har ete 6 eller 7.....

God fredag til dåke alle!

Og oppskrift på bollane mine finn du her.

torsdag 2. mai 2013

Opprydding


Eit kontor/syrom som så absolutt hadde behov for ein gjennomgang...

Eg sette i gong....

Fekk heve masse, 
sortert eit hav av teikningar og måleri av dei håpefulle,
samla ladarar og ledningar i boksar,
og så ligg det framleis meir igjen...



Til helga kanskje.....


Velkommen så mykje til nye følgarar!!

Eg knipsar bilder overalt for tida, 
og ladar opp til blogginnlegg når tida kjem til meg.

For eg har mykje fint å visa dåke!!

Så nevner vi ikkje da sura vinterværet vi har ute....

onsdag 1. mai 2013

1. mai


Det kjennes som det er søndag i dag.
Vi går i pysjen endo,
har ete god frukost med rundstykker og egg.
Det er nysnø på fjelltoppane (takk og lov for at den bare er på fjelltoppane)
mon tru om det er januar eller februar??

Nope, det er 1. mai i dag.


1. mai har alltid vore min "plante i krukker" dag. 
Då har eg hatt fri, og det har vore passe fint vær!
I dag er det kaldt,
men eg skal plante forda.
Litt usikker på kva tid eg skal gjere det, 
for eg skal på jobb i hagesenteret.
Det er ope frå 12-16.


Denne figuren kjøpte eg på Søstrene Grene,
såg for meg kor den skulle stå, då eg kjøpte den.
Passa så fint saman med Wik & Walsøe skålene med 
mine-grønplantene mine oppi.

"Sølvhjarta" er dei samme som eg brukte til bordpynt på klubben.
Du får dei kjøpt hos Fredheim Blomster.



Eg elskar å dille med "stillebein" rundt om i huset,
dei skiftar stadig plass og innhald.

No sit eg i den nye sofaen min og kosar meg med kaffi.
Sofaen heitter Skandinavia frå Bolia,'
den er fantastisk.
Eg er veldi veldi fornøyd.

Så vil eg ynskje dykk alle ein fin 1. mai,
om du skal gå på ski (!), gå i tog, ta toget, 
eller jobbe som meg.

I kveld kjem Baronivegen- familien på middag hos oss.
Taco på menyen.
Vi gler oss!!

søndag 28. april 2013

Fri som fuglen


Tenk å vore fri som fuglen....

Innimellom er det godt, det og,
men som alle veit,
så likar eg kvardagar best!

I helga var eg i Sandnes/Ålgård i konfirmasjon.
Flott dag saman med flotte vener.
Mykje latter, god mat og to netter på hotell med beste kjærasten!

Litt shopping vart det,
og heldigvis hadde eg Googla Søstrene Grene, sånn at eg visste kvar eg skulle gå!


Vi har mange kvite flater i huset vårt.
Eg har fått nokre bilder opp på veggane,
men har ikkje heilt planen i korleis eg vil ha det.
Wallstickers likar eg godt,
då det ikkje er der " for alltid", om du skjønar.


Her har du meg i aksjon, då eg skulle feste desse opp på veggen...
Her er jo så høgt overalt... eg ler...
Godt eg har høgda med meg då iallefall ;-)


Her er den eine wallstickersen eg kjøpte hos Søstrene Grene,
OG DEN KOSTA BARE 24 KRONER....

To tiarar og 4 kronestykker,
som Evelyn ville ha sagt.

Er det mulig?

Har sett etter sånne på nettet,
og har ikkje funne dei til under 200 kr enda!

Før no!

Eg stod med dei i handa og trudde ikkje mine eigne auger.
Kjøpte 3 forskjellige.

Grubler fælt på kor eg skal ha dei andre!


Synst dette vart veldig bra,
om eg ska sei da sjølv!!


Er noko med det, når ein får "bryta" litt med alt det kvite.

Eg er iallefall VELDI fornøyd med fangsten min.

Og veit du,
detta var ikkje alt!!

På Søstrene Grene har dei så vanvittig mykje kjekt, og så billigt!!
Så eg fylte opp posten når eg fyrst var der!

Detta innlegget er på ingen måte sponsa.....